Vår politikk

Her kan du lasta ned heile valprogrammet for 2023-2027

Det betyr noko kven som styrer kommunen din!

Kven som styrer kommunen me bur i påverkar oss kvar dag – ofte utan at
me tenkjer særleg mykje på det. Men kommunen har ansvaret for mange
av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet! Grunnskulen, helsetilbodet for
dei eldre, småvegane i området du bur i, vatnet i springen din, og parkar
og friluftsområde der born kan leike er berre noko av det kommunen har
ansvaret for. Kommunen er ofte også den største arbeidsgivaren der du bur.

Det har noko å seie når kommunen vel å privatisere helsetilbodet. Det betyr
mykje for dei tilsette, som ofte får dårlegare løns- og pensjonsvilkår og ei
tøffare arbeidskvardag. Det betyr noko for dei eldre, som må sjå nye ansikt
heile tida, fordi bruken av midlertidige tilsetjingar aukar.

Det betyr noko for barnefamiliane at nærskulen har nok lærarar, og ikkje
må bruke vikarar som blir bytta ut. Det betyr noko at vegane i områda der
borna leikar er trygge. Det betyr noko at foreldre har råd til at borna kan
delta på SFO og kultur- og fritidsaktivitetar, og ikkje må vere heime medan
klassekameratane er på fotballtrening.

SV jobbar for ein kommune der:

● Alle born skal kunne delta på fritidsaktivitetar, uansett kva slags
økonomi familien har.
● Vi prioriterer trygge lokalvegar, framfor enorme vegprosjekt.
● Trygge og faste heiltidsstillingar til tilsette i kommunen.
● Pengane går til velferd, og ikkje profitt til private eigarar.

Røyst SV frå 10. august!